Hjarteleg velkomen til Lustrafjorden Inn!
I 2026 inviterar me alle løparar til Luster med to distansar:
Lustrafjorden Inn – Ultra 100, via terrenget frå Kaupanger til Skjolden, ca. 104 km, 6000hm!
og
Molden Skyrace, 22 km, 1270hm med start i Solvorn, oppom kremtoppen Molden – med den flottaste utsikta i heile Sognefjorden!
Utvilsamt eitt av Noregs vakraste, men òg tøffaste løp.
#mestring #oppleving #løpeglede
Arrangementet har stort fokus på at alle som deltek er like gode vinnarar. Meistringsfølelsen og naturopplevinga skal vere viktigare enn kor raskt ein spring. Her skal det vere uformelt og sosialt med høg trivselsfaktor.
Me har lik premiering – medalje til alle som fullfører.

Er du klar for ei ekte oppleving i hjartet av Vestlandets vakraste natur?
I 2026 utfordrar vi deg til å ta steget opp – og bli med heile Lustrafjorden inn.
Ikkje for å måle deg mot andre, men for å kjenne på meistring og løpeglede.
Og skulle du ikkje kome heilt inn fjorden, er det heilt i orden. Det er fleire bygdestopp undervegs – du vel sjølv kor langt du vil, og me støttar deg heile vegen.
I år har vi utvida sperretida og tilbyr tidleg startpulje.
Alt for at fleire skal få sjansen til å fullføre.
Og hugs: kjem du deg heilt til Gaupne (54km), har du jo fullført ein Ultra! Ingen DNF-status da, berre #meistring!
So har me òg ei skikkeleg fin alternativ distanse i Skyrace Molden – passar både for dei som likar fart, og dei som vil kosa seg med naturen og turen. Valfri tidsregistering.
Lustrafjorden er ein 40 km lang fjordarm inst i Sognefjorden i eit av dei vakraste områda i Noreg. Innst inne i fjorden finn me bygda Skjolden. Der overtek landets høgaste fjellområde med sine mange 2000 m-topper og brear (Hurrungane og Jotunheimen).
Området er kjent for sine sterke kontrastar – frå kvite brear og spisse tindar til grøne marker og turkisglitrande fjord. Inni mellom der finn me små idylliske, levande bygdeperler. Det er dei gamle ferdselstiane mellom desse bygdene traseen følger.
Dette er ikkje berre eit løp, men ei reise gjennom alt som gjer Indre Sogn og Luster til noko heilt unikt.
Her handlar det om meistring, glede og ekte nærleik til naturen.
Dette er din moglegheit, di reise – din #oppleving.