Bli frivillig

Dei frivillige er dei viktigaste deltakarane i arrangementet.
Utan dei er det rett og slett umogleg å gjennomføre løpet.

 

På få år har løpet blitt svært populært, tilbakemeldingane me får er fantastiske:
Beste løypa, Beste naturen, Beste maten og Beste servicen!

Me ønskjer igjen at arrangementet i 2026 ikkje berre skal vere eit fjelløp, men ei helg som nok ein gong viser fram kommunen, småbygdene, naturen og dei som bur her frå si aller beste side.
 

No treng me deg med på laget.

 

Me treng frivillige til mange ulike oppgåver:

  • Løypeverter i terrenget og på fjellet
  • Mat- og drikkestasjonar
  • Start- og målområdet
  • Rigging før og etter arrangementet
  • Stemningsskaparar langs løypa
  • Logistikk, transport og praktisk hjelp

Du treng ikkje erfaring – berre godt humør og lyst til å bidra.

 

Ei heilt spesiell oppgåve

Me ser spesielt etter par eller vennegjengar som vil vere løypevert på ein av dei fire fjelltoppane løpet går innom.

Einaste kravet er at de er synlege, tilgjengelege og at de heier deltakarane vidare. Dette skaper ein god og trygg stemning for deltakarane på stien vidare.

 

Bli med å skape aktivitet og liv i Luster, saman set me luster på kartet.

Du treng ikkje vere løpar - Du treng berre å bry deg.

 

Vil du vere med?
Ta kontakt her :

Magne Kvalsøren
412 97 643

magne(alfakroll)kvalsoren.no

 

Ann Kristin Sperle

99 39 38 73

anki(alfakroll)jostedal.no
 

Eller meld di interesse i skjemaet under.
Alle bidrag – små eller store – betyr mykje.

Navn *
Telefon *
E-post *
Beskjed, skriv gjerne inn ønske om frivillig-rolle