Klikk på biletet for større versjon
Traseen følger Lustrafjorden inn via terrenget med fire store fjellområder som skal forserast.
Start for ultradistansen er ved Amla på Kaupanger med målgang heilt innerst inne i Skjolden som og er enden på Sognefjorden, Norges lengste og djupaste fjord.
De får og fullført og godkjent Ultradistanse om de tek 1-3 etappe. Kaupanger-Gaupne ca 52km+
For halvmaraton er starten i Solvorn . Halv, heilmaraton og ultra53 deltakarane avslutter i Gaupne.
Alle startande frå Kaupanger vil ha sporingseinheiter på alle deltakarar av tryggleikshensyn.
1. etappe startar ved midnatt natt til laurdag. Etappen er på ca 35km og er innom topppunktene Søre Gråbrørne, Store Haugmelen og Solvornnipa før det går rett ned til 0 m.o.h. til vakre Solvorn.
Starten er ved Turrligjerdet, (Rød hytte) Rett inn på gode stier sørøstover. Deretter brattere nordøst, Følg med på merking, det krysses og følges skogsveger. Over Amlatunnellen kan me sjå rett inn Lærdalsfjorden og Årdalsfjorden. ved 580hm flater det ut og me føl skogsveg eit stykke før sti innover mot Kyndilstjørni.
Løp langsmed tjørnet på venstre side til utsiktspunktet. (me er ikkje oppom Gråbrørnepunktet lenger nord) Sporet/stien dreier vestover, krysser ein skogsveg og fører oss ned mot Svartahol til skogsveg nordvestover. Fine skogsveger til stikryss som tek oss opp til stølen Hungerhaug.
Her er det utplassert drikke (vatn/saft)
Følg god sti til Vardaheii og Vatnasete (løpbar sauesti) Etter Vatnasete tek man sti som går mot ryggen til st. Haugmelen (NB! GPS sporet føl ikkje stien, anbefaler å følge stien til topps. Fra Haugmelen går man litt ned før man skjærer av mot vetle Haugmelen. NB! sporet går her på framsida av haugmelen.
Her er det opp til kvar enkelt om de vel bakom,framom eller oppom vetle haugmelen. De skal inn på ryggen bortover mot solvornsnipa. Lyngterreng, ingen sti. Hald fram i NV retning mot Skurva 1028moh og Solvornnipa 1031moh. Derfra god sti ned til Setålen og vidare nedover til fjorden. Sjekk kartet ofte da det er fleire kryssande stiar og skogsvegar nedover mot Solvorn.
Krevande etappe 32km. Ta med mykje drikke.
God mobildekning (telenor) også 4G.
NB! lite/ingen dekning i området Hungerhaug.
Etappe 2 Solvorn - Gaupne ca.21,2km
Frå kaien i Solvorn tek du vegen inn vetlevegen, opp til Haugen og Løteigane, sti til Øvrebø og vidare bratt opp til Huarplassen og etterkvart til grusvegen på Feivall. Følg grusveg via mollandsmarki nesten 2km. Ta sti mot Siestølen og Røymstølen til parkeringsplassen på Krossen. Her er det drikkestasjon. Følg turiststien opp til Molden 1116 m.o.h. Lusters mest populære og finaste utsiktspunkt. Derifrå på gode stiar til Marifjøra før eit par flate kilometere på vekselvis asfalt og grus (løp på utsiden av tunnellen) inn til Gaupne.
Kjem du deg hit so har du faktisk ultradistansen i boks!
God mobildekning heile etappen.
Etappe 3 Gaupne-Luster ca.21,2km
Løp forbi rådhuset mot Kvernelvi (engjadøla) . Ta sti forbi Hanatjern opp til veg mot Engjadalen, følg veg til første store u- sving (judas-svingen) opp på rasvoll og inn på bratt sti til Lø.
Forbi Lø er det løpbart til Engjadalsvegen, ta til venstre til stikryss og følg bomveg opp til stølen Navarsete . Derifrå på DNT sti til Flatningane.
To stiar vidare her, og vanskeleg å finne rett sti. Sjekk kart/GPS. Anbefaler å halde til venstre forbi flatningane der er det ein slakare sti som koblast vidare med stien til Stordalen. Hald deg på sti ved høgspentlinjene når det flater ut på 1000 m.o.h. Flytsti nedover dalen.
NB! midt i dalen so krysser stien over til høgre for høgspentlinjene. Ned til stølen Røssesete.
Følg grusveg deretter bratt grusveg 2 km. (pass på knea) til stikryss ca.200m før bru som går til Harastølen.
Følg veg til Harastølen, ta ned til venstre framfor Harastølen, opp til venstre for bygget, snu ved markert tre og løp tilbkae til stikrysset ved brua.
Nedover stien til ny bru på høgre side(vanskeleg å sjå,markert ) over klopper, skrått nedover til skihytta.
Rett inn på sti til venstre ved svingen under hytta, ta sti nedover til høgre, til vegen.
Vidare snarveg på høgre side til veg før ny sti på venstre side som tek deg til Lauvhjell og Bringevegen.
Ved vegkryss Bringevgen ned langsmed grov(bekk/elv) til byggefelt.
Ved tredje huset til venstre er det sti ned til grusveg og veg ned til lustrabui, der ventar det ei fortent Lustrabolle på deg.
Grei 4G dekning Engjadalen, frå flatningane blir det svakare til ingen dekning ned Stordalen.
Skade/ulukke ring 113! Last ned 113 appen. Annet: kontakt-telefon: Ann Kristin Sperle 99 39 38 73
Etappe 4 Luster - Skjolden ca.21,2km
200m langs fv55, følg god merking skogsveg, sti opp til Børestein.
Vidare på sti over børestein, vel stival/trakk til høgre/ Østover som etterkvart forsvinn. Mest umerka,ingen sti heretter men ta rett retning NØ på mjukt og fint terreng til Fjøsnanosi. Deretter meir N til vatn på 1230moh. NØ til Sagavotni, opp på Haugsnosi.
Merka sti til ned Gurosete frå Haugsnosi, stien forsvinn like før men berre gå mot hyttene.
Herifrå er det bratt sti, løse steiner. 6,5km igjen til Skjolden.
Nærmare skjolden kjem de inn på skogsveg og grusveg til bru FV55
Merk! Ikkje rennandes vatn før ca 1270moh so fyll godt opp i luster.
Det er god mobildekning, også 4G i nesten heile etappen.
Skade/ulukke ring 113! Last ned 113 appen.
Annet: kontakt-telefon: Ann Kristin Sperle 99 39 38 73
Det er matstasjonar i Solvorn, Gaupne og Luster. Det vert og eigne drikkestasjonar i løypa.
Kvar deltakar vil få transport av ekstra bagasjer, ein målbag som er tilgjengeleg i mål og "dropbags" som vert tilgjengeleg på matstasjonen i Gaupne og Luster.
Det vert transport av deltakarar til starten på Kaupanger og Gaupne.
Transport går utover fjorden frå Skjolden, so anbefaler alle som kjem med bil å parkere der dei kjem i mål, so transporter me dykk til start.
Meld inn behov for transport på 99 39 38 73 (påstigningsplass) seinast ons. 13/7
Ultra
Transport frå Skjolden 15/7 22:15 frå Skjolden, Gaupne 22:45, Sogndal 23:15
Heil og Halvmaraton
Transport frå Skjolden 16/7 09:00 frå Skjolden
Traseen vil før løpet verta merka der det ikkje er anna merking eller skilting.
Alle deltakere må alikevel ha en navigeringsenhet med seg. (eks. GPS, mobil, klokke)
Det er god mobildekning i store deler av traseen, med nokre få unntak (lokasjonar kjem)
GPX sporfiler for navigasjon vil bli lagt ut her:
GPX filer, klikk her for å åpne filmappe for nedlasting.
NB! GPX filen for ultra er på over 8000 punkt, om du har problem med å laste den inn på klokka,GPS eller mobil so kan du prøve filen LINN2022UltraGarminConnect som er eksportert fra Garmin Connect og inneholder færre punkt. (3620)
Ryggsekk
Refleksvest + refleks-merke eller raud lampe festet til baksiden av sekken (ultradistansen)
Vind- og vannavvisende jakke
Heildekkande beinklær
Godt fungerande hovudlykt med reservebatterier (ultradistansen)
Hjelpemiddel til navigasjon: (f.eks håndholdt GPS-enhet, GPS-klokke, mobiltelefon) eller papirkart og kompass
Mobiltelefon
Straumbank (ultradistansen)
Drikkebeholdarar som tilsaman rommar minimum 1 liter
fyrstehjelpsutsyr, nødteppe (survival blanket), fløyte
Mat
Drikke
Betalingskort (ev. ved kjøp i butikk i gaupne, luster eller ved mål)
Varmt mellom-lag for overkroppen
Lue eller buff
Anbefalt ekstrautstyr:
Staver
Solbriller
Solkrem
Myggspray
Vanntett pakkpose
Det vert ikkje premiert pr raskaste tid. Me tykkjer at alle som deltek i eit so tøft løp er vinnarar, på den måten kan de heller ha fokus på at de skal nyte turen og nå målet dykkar istedenfor å stresse med å kome seg raskast inn til mål. Sjølvsagt so skal de få løpe i dykkar eige passande tempo og full forståing for dei som vil teste seg og gjerne ta eit strava segment eller setje ein "FKT" (fastest known time) Me heiar på dykk alle!
Me må og setje nokre tidsgrenser for matstasjonane.
Medaljer til alle som har fullført minst ein etappe
Bolle på Lustrabui sponset av Digital Etikett til alle deltakarar, berre vis fram startnummer.
Fjordstova, Fleirbrukshus på Skjolden rett ved mål har kafe, basseng, bibliotek og klatrevegg. Der er det og offentlege toalett og bygget skal vera ope kvar dag 08-22 heile året.
Fjordstova har følgjande prisar:
Dusj kr 30 per pers (ta med badekle og handduk)
Dagspass dusj-badebasseng-badstu kr 60
Middag/mat frå kl 13-19 dagleg. Kr 150-200.
Det er fullt mogleg å overnatte i salen nede på Fjordstova, her har ein tilgang til eigne garderobar («bad») rett attmed. Ta kontakt med arrangør om dette er ønskjeleg.
Fjordstova sel også dagspass i klatreveggen kr 50 (utan utstyr) og på styrkerommet kr 75, om det er nokon som har litt energi til overs :)
Halvmaraton kr. 250,-
Heilmaraton Kr. 400,-
Ultra Kr. 600
Meir informasjon vert "løpande" oppdatert...