Nyheitsbrev2 sendt ut 09/08:
Hei igjen!
-- English version below --
Denne e-posten går ut til alle deltakarar i Lustrafjorden Inn 2026.
Førebuingane går for fullt, og me gledar oss stort til å ønskje dykk velkomne til Luster og ei skikkeleg løpshelg.
I dette nyheitsbrevet kjem nokre siste oppdateringar og viktig praktisk informasjon før start.
Ta dykk tid til å lese gjennom, og hugs også å sjekke løpsmanualen ein siste gong før de legg ut på tur.
Transport/Buss
Minner om siste frist for påmelding busstransport til start er Søndag 9/8 23:59
Bestilling transport: https://forms.gle/bR4B9iWxjdu6facD6
NB! Det er ikkje mogleg å bli med dersom plass ikkje er bestilt og betalt på førehand.
Løpsmanual
Link til løpsmanualen finn de på framsida av heimesida: https://www.lustrafjordeninn.no/
Alle er forplikta til å lese gjennom reglementet/betingelsene før start.
GPX filer for navigasjon ligg i ein link i løpsmanualen.
Ultra 100 – sjekk at du er i rett startpulje
Me ber alle deltakarar om å ta ein siste vurdering av om dei er påmelde i rett startpulje.
Me har to starttidspunkt:
Kl. 18.00: estimert sluttid 22–30 timar
Kl. 21.00: estimert sluttid 14–22 timar
I 2024 låg snitt- og mediantida på rundt 21 timar, som er ca 12:20 min/km.
Startpuljene er ikkje berre satt for at me utover i løypa vil samle deltakarane. Bemanning og tilbod på matstasjonane blir også planlagt ut frå forventa passeringstid for dei ulike puljene.
Det er derfor viktig at deltakarar som startar kl. 18.00 ikkje planlegg eit vesentleg raskare løp enn slutttida denne pulja er meint for. Det motsatte for dei som startar kl.2100
Eksempelvis vil ein deltakar med estimert sluttid på meir enn 22 timar med start kl. 18.00 tidlegast forventa passere:
CP 3 Solvorn 31km: 5 t 45 min – ca. kl. 23.45
CP 8 Gaupne 52km: 10 timar – ca. kl. 04.00
For 18 puljen kan dette medføre at om du kjem mykje tidlegare enn forventa, må du rekne med at stasjonen kan vere under oppstart, med redusert bemanning og tilbod.
Sjå og sjekkpunkt passeringar i 2024: https://map.racetracker.no/?race=Lustrafjorden_inn_2024
Framleis usikker på kva pulje som passar deg?
Skal du «race» og springe for best mogleg tid? Vel starten kl. 21.00.
Skal du ta det meir med ro og først og fremst ha som mål å gjennomføre? Då er kl. 18.00 rette starten for deg.
Me ønskjer først og fremst at alle skal få eit best mogleg løp og møte matstasjonane når dei er rigga og bemanna for å ta imot dykk. Fortsatt usikker, ta kontakt med Magne, magne@kvalsoren.no , 412 97 643
Starttid kan endrast ved å endrast via link i ordrebekreftelsen frå Racetracker eller ta kontakt på magne@kvalsoren.no so endrer me det.
Ultra 100 – På eige ansvar og vurderingar rundt løpet
Ultra 100 er eit av Noregs tøffaste fjellterreng-ultraløp. Løypa er lang, har store høgdeskilnader og går gjennom krevjande fjellterreng, delar av døgnet i mørke.
Som deltakar er du sjølv ansvarleg for å vurdere om du er godt nok førebudd og skikka til å delta. Deltaking skjer på eige ansvar og risiko – lytt til kroppen og ta gode vurderingar undervegs.
Arrangøren kan ta ein deltakar ut av løpet dersom det vurderast som uforsvarleg å halde fram. Deltakarane pliktar å rette seg etter beskjedar frå arrangøren og løpsstaben.
Det er inga skam å avslutte løpet dersom kroppen, forholda eller dagen tilseier det.
Nettopp derfor ønskjer me og å løfte fram Gaupne (54km) som eit godt delmål: Da har du fullført ein Ultra! ingen DNF status da, berre meistring og registrert fullføring i eigen Ultra-deltakarklasse.
Mat, drikke, Matstasjonar:
Løpet er basert på prinsippet om sjølv-support, dvs. at deltakar sjølv må bere med seg alt som måtte trengs av mat, drikke og utstyr.
Arrangør tilbyr matstasjon med mat/drikke i Solvorn, Gaupne og Luster.
Servering matstasjonar: Vatn, saft, cola, chips, seigmenn og frukt som banan, appelsin, vannmelon e.l.
Ekstra drikke stasjoner:
Ultra100: ved 10km, Svartahol/hungerhaug
og 41km Krossen, parkeringa til molden (ubemanna på natt)
Molden Skyrace: 9km Krossen, parkeringa til Molden.
Deltakarar skal starte med følgende min. væske:
Ultra100 :1 liter + min. 1 liter ved avreise matstasjon i Luster
Molden Skyrace: 0.5 liter
Sikkerheit
Alle skal ha ryggsekk eller løpevest med obligatorisk utstyr ifølge løpsmanualen.
Obligatorisk utstyrsliste i løpsmanualen er ikkje ein anbefaling men eit minimum av det de bør ha med.
Det er ein sjølvfølgje å hjelpe andre!
Deltakar plikter å setje seg inn i all skriftleg informasjon (løpsmanual) gitt av arrangør og rette seg etter beskjeder gitt av arrangør.
Ved akutt nød ring 113 først av alt! Anbefaler alle å laste ned 113-appen.
Meld og frå til kontaktansvarleg Ann Kristin Sperle tlf. 99 39 38 73 (legg det inn som kontakt på tlf.)
Løypevertar, røde kors: Det vil vere løyperter og røde kors personell utplassert i og i nær tilknytning til desse punkt:
U100: Hungershaug, Solvornsnipa, Solvorn, Molden, Lustraeggi, Røssesete, Luster, Børestein, Haugsnosi.
Molden Skyrace: Krossen, Molden, Svolsete.
Dyr, turgåarar eller anna tredjepart skal takast omsyn til. Ta heller ein omveg i staden for å skremme opp dyr og folk.
Lukkede grinder, gjerder skal alltid lukkast, ikkje stol på at neste deltakar gjør det.
DNF, henting
Me anbefaler alle å ta ei vurdering ved kvar matstasjon eller der det er bilveg om de er fornøgde og/eller vil gje dykk.
Om de er i terrenget so må de gå til næraste bilveg for henting. Me vil etter best mogleg evne plukke dykk opp. Berekn ventetid.
Meld inn status og lokasjon so fort de kan til løpsleiar Ann Kristin 99 39 38 73.
Kollektiv transport, det er ei bussrute den 15/8, sjå kolonne 200 for Laurdag:
https://www.skyss.no/globalassets/reise/rutetabellar/buss/haustruter/sogn-og-fjordane/indre-sogn/860-fr%C3%A5-23.-juni.pdf
Forsikring
Arrangør har ansvarsforsikring. Denne dekker ikkje deltakarar, det anbefalast å ha eigen ulukkesforsikring (eks. reiseforsikring)
Premiering / Medaljar
Det vert ikkje premiert pr raskaste tid eller plassering. Det er like premiar/medaljar til alle som fullførar.
Dropbag
Ta med bag/pose, det vert ikkje utlevert egne dropbags, sjå og løpsmanualen vedr. dropbags.
Trafikk
Der løypa går langs veg, skal trafikkreglar følgast.
For dei som evnt. føl dykk med bil kan det vere mykje trafikk innover fjorden. Trange parti med mykje turist-trafikk. Berekn god tid.
I Solvorn Sentrum kan de ikkje langtidsparkere. Bruk i so fall parkering oppe ved Kyrkja.
Veret/terrenget
Vermelding for Molden 1107 m.o.h. :
https://www.yr.no/nb/v%C3%A6rvarsel/daglig-tabell/1-152136/Norge/Vestland/Luster/Molden
Deler av løypa kan verte forkorta eller lagt om i tilfelle uvær eller andre forhold.
Ekstra obligatorisk "cold weather kit" utstyrsliste kan bli meldt før løpet.
Dette vil informerast via epost / heimeside/ SOME i dagane før,
Ultra100: I løpsmanualen er det lagt ut ein alternativ løype som kan tas i bruk ved dårleg vær. Legg den og inn i navigeringsenheten.
Etter løpet
Gaupne:
Lustrabadet tilbyr -25% rabatt til alle deltakarar for eit forfriskande bad.
Her kan de og kjøpe enkel dusjbillett.
Pyramiden Kafe og Spar tilbyr løpstilbod på mat.
Skjolden:
Oppmoder alle Skyrace deltakarar etter løpet til å ta turen vidare innover til Skjolden og heie Ultra 100 deltakarane inn i mål.
Fjordstova og Skjolden Hotel rett ved mål har mat og forfriskingar.
Løpsmeny Fjordstova:
Styrkesuppe (heimelaga betasuppe) med brød kr 100
Rømmegraut, spekemat og flatbrød kr 180
Wraps (kebabkjøtt, salat, ost, dressing) kr 60
Bryggehuset tilbyr middag, god drikke og hyggelig stemning utover kvelden. Ope frå kl17, kjøkkenet er ope til kl21.
Lukke til med dei siste førebuingane!
Sjå her for alle nyheitsbrev: https://www.lustrafjordeninn.no/Nyheitsbrev/
Med vennleg helsing
Magne og Ann Kristin
Tlf. Magne 412 97 643
Tlf. Ann Kristin 99 39 38 73
--ENGLISH VERSION--
Hello again!
This email is being sent to all participants in Lustrafjorden Inn 2026.
Preparations are in full swing, and we are really looking forward to welcoming you to Luster for a great race weekend!
This newsletter contains some final updates and important practical information before the race. Please take the time to read it carefully, and remember to check the Race Manual one last time before setting off.
Transport / Bus
A reminder that the deadline for booking bus transport to the start is Sunday 9 August at 23:59.
Transport booking:
https://forms.gle/bR4B9iWxjdu6facD6
Please note: You cannot use the bus unless your seat has been booked and paid for in advance.
Race Manual
You will find the link to the Race Manual on the front page of our website:
https://www.lustrafjordeninn.no/
All participants are required to read the rules and conditions before the start.
GPX files for navigation are available via a link in the Race Manual.
Ultra 100 – Make sure you are in the correct start wave
We ask all participants to make one final assessment of whether they are registered for the correct start wave.
We have two start times:
18:00: Estimated finish time 22–30 hours
21:00: Estimated finish time 14–22 hours
In 2024, both the average and median finishing times were around 21 hours, equivalent to approximately 12:20 min/km.
The start waves are not only intended to bring participants closer together as the race progresses. Staffing and supplies at the aid stations are also planned according to the expected arrival times of the different waves.
It is therefore important that participants starting at 18:00 do not plan to run significantly faster than the finishing-time range intended for this wave. The opposite applies to participants starting at 21:00.
For example, a participant with an estimated finish time of more than 22 hours, starting at 18:00, would at the earliest be expected to pass:
CP3 Solvorn – 31 km: 5 h 45 min – approx. 23:45
CP8 Gaupne – 52 km: 10 hours – approx. 04:00
For the 18:00 wave, arriving significantly earlier than expected may mean that an aid station is still being set up and has reduced staffing and supplies.
You can also see checkpoint passing times from 2024 here:
https://map.racetracker.no/?race=Lustrafjorden_inn_2024
Still unsure which wave is right for you?
If you intend to race and aim for your best possible time, choose the 21:00 start.
If you intend to take it more steadily, with finishing as your main goal, the 18:00 start is the right choice.
Above all, we want everyone to have the best possible race experience and to reach the aid stations when they are fully set up and staffed to receive you.
Still unsure? Contact Magne:
magne@kvalsoren.no +47 412 97 643
You can change your start time using the link in your RaceTracker order confirmation, or contact us at magne@kvalsoren.no and we will change it for you.
Ultra 100 – Participation at your own risk and responsibility
Ultra 100 is one of Norway's toughest mountain trail ultramarathons. The course is long, involves significant elevation gain and loss, and passes through demanding mountain terrain, with parts of the race taking place in darkness.
As a participant, you are responsible for assessing whether you are sufficiently prepared and fit to take part. Participation is at your own risk and responsibility – listen to your body and make sensible decisions throughout the race.
The organiser may withdraw a participant from the race if it is considered unsafe or irresponsible for them to continue. Participants are required to follow instructions given by the organiser and race staff.
There is no shame in ending your race if your body, the conditions or the day tell you that continuing is not the right decision.
This is also why we want to highlight Gaupne (54 km) as a worthwhile goal in itself: if you make it there, you have completed an ultra! There is no DNF status – just an achievement and a registered finish in a separate Ultra participant category.
Food, drink and aid stations
The race is based on the principle of self-support, meaning that participants must carry the food, drink and equipment they need themselves.
The organiser provides aid stations with food and drinks in Solvorn, Gaupne and Luster.
Aid station supplies include: water, squash/cordial, Coca-Cola, crisps, gummy sweets and fruit such as bananas, oranges and watermelon.
Additional drink stations:
Ultra 100:
· 10 km – Svartahol/Hungerhaug
· 41 km – Krossen, Molden car park (unmanned during the night)
Molden Skyrace:
· 9 km – Krossen, Molden car park
Participants must start with at least the following amount of fluids:
Ultra 100: 1 litre
Molden Skyrace: 0.5 litre
For Ultra 100, participants must also leave the aid station in Luster carrying at least 1 litre of fluids.
Safety
All participants must carry a backpack or running vest containing the mandatory equipment specified in the Race Manual.
The mandatory equipment list in the Race Manual is not a recommendation – it is the minimum equipment you should carry.
Helping another participant in need should go without saying.
All participants are required to familiarise themselves with all written information provided by the organiser in the Race Manual and to follow instructions from the organiser and race staff.
In an emergency, call 113 first!
We recommend that everyone downloads the Norwegian 113 app.
Also notify our race contact:
Ann Kristin Sperle
Tel. +47 99 39 38 73 Please save this number on your phone before the race.
Course volunteers and Red Cross
Course volunteers and Red Cross personnel will be stationed at or close to the following locations:
Ultra 100: Hungerhaug, Solvornsnipa, Solvorn, Molden, Lustraeggi, Røssesete, Luster, Børestein, Haugsnosi.
Molden Skyrace: Krossen, Molden, Svolsete.
Please show consideration for animals, hikers and other third parties. Take a detour rather than frightening animals or people.
Closed gates and fences must always be closed behind you. Do not rely on the next participant to do it.
DNF / Pick-up
We recommend that you assess your condition and whether you want to continue at every aid station or other location accessible by road.
If you decide to stop while out on the course, you must make your way to the nearest road accessible by car for pick-up. We will do our best to collect you, but please expect some waiting time.
Report your status and location as soon as possible to Race Director Ann Kristin: +47 99 39 38 73
There is also a public bus service on 15 August. See route/column 200 for Saturday:
https://www.skyss.no/globalassets/reise/rutetabellar/buss/haustruter/sogn-og-fjordane/indre-sogn/860-fr%C3%A5-23.-juni.pdf
Insurance
The organiser has liability insurance. This does not provide personal accident insurance for participants.
We recommend that all participants have their own accident insurance, for example through travel insurance.
Prizes / Medals
There are no prizes based on fastest time or finishing position.
All finishers receive the same prize/medal.
Drop bags
Please bring your own bag or suitable sack. The organiser does not provide dedicated drop bags.
See the Race Manual for further information about drop bags.
Traffic
Where the course follows public roads, normal traffic regulations must be observed.
For anyone following participants by car, please be aware that there may be heavy traffic along the fjord, including narrow sections with significant tourist traffic. Allow plenty of time.
Long-term parking is not permitted in the centre of Solvorn. Please use the parking area by the church instead.
Weather / Terrain
Weather forecast for Molden, 1,107 metres above sea level:
https://www.yr.no/nb/v%C3%A6rvarsel/daglig-tabell/1-152136/Norge/Vestland/Luster/Molden
Parts of the course may be shortened or rerouted in the event of severe weather or other circumstances.
An additional mandatory “cold weather kit” may be announced before the race.
Any such changes will be communicated by email, on our website and/or through social media in the days leading up to the race.
Ultra 100: An alternative bad-weather route is available in the Race Manual. Please also download this route to your navigation device before the race.
After the race
Gaupne: Lustrabadet offers all participants a 25% discount for a refreshing swim.
You can also purchase a shower-only ticket.
Pyramiden Kafé and SPAR will have special food offers for race participants.
Skjolden
We encourage all Molden Skyrace participants to continue on to Skjolden after their race and cheer the Ultra 100 participants across the finish line!
Fjordstova and Skjolden Hotel, located right by the finish area, offer food and refreshments.
Race menu at Fjordstova:
Styrkesuppe – homemade traditional meat and vegetable soup with bread: NOK 100
Sour cream porridge with cured meat and flatbread: NOK 180
Wraps with kebab meat, salad, cheese and dressing: NOK 60
Bryggehuset offers dinner, drinks and a welcoming atmosphere throughout the evening. Open from 17:00, with the kitchen open until 21:00.
Good luck with your final preparations!
Best regards,
Magne and Ann Kristin
Magne: +47 412 97 643
Ann Kristin: +47 99 39 38 73
Nyheitsbrev sendt ut 28/7:
Hei!
--English versjon below--
Denne e-posten går ut til alle som er påmeldte Lustrafjorden Inn 2026.
Det nærmar seg august med stormskritt, og me gler oss til løp!
Med 200 deltakarar fordelt jamt på to distansar ligg det an til å bli både triveleg og folksamt – både på stiane og i bygdene innover fjorden.
Løpsmanual
Løpsmanualen ligg tilgjengeleg på nettsida:
https://www.lustrafjordeninn.no/
Den blir oppdatert fortløpande, så sjekk den før avreise til Luster.
Løyper
Årets løyper er dei same som i 2024:
Ultra100:
https://www.strava.com/routes/3239325032548165260
Molden Skyrace:
https://www.strava.com/routes/3239302386560591196
NB! Nokre mindre justeringar og avklaringar rundt plassering av matstasjonane gjenstår. Gjeldande GPX-filer for navigasjon blir lagde ut som lenke i løpsmanualen om lag ei veke før løpet.
Vêrforbehold – Ultra100
Ved dårleg vêr kan alternativ løype bli teken i bruk. GPX-fil for denne blir lagt ut i løpsmanualen, så last ned begge løypene.
Den obligatoriske utstyrslista kan òg bli utvida ved behov. Sjekk difor løpsmanualen før avreise til Luster.
Sekretariat / startnummer
Sekretariatet held til ved Pyramiden / Sportsbui i Gaupne:
Torsdag kl. 18.00–19.00
Fredag kl. 16.00–17.00
Her kan du hente startnummer, få informasjon og slå av ein god løpeprat.
Startnummer blir òg delte ut ved kvart startområde før start. Møt opp i god tid!
Ultra100 får utdelt GPS-trackar ved start.
Molden Skyrace får tidtakarbrikke på startnummeret.
Korleis kome seg til start?
Molden Skyrace – Solvorn
https://maps.app.goo.gl/Y3HxRF7hDmrTjSva9
Det er svært avgrensa parkeringsmoglegheiter ved start. Me anbefaler å parkere i Gaupne (mål) og ta bussen til start.
Ultra100 – Festingadalen
https://maps.app.goo.gl/GgNi8T7kLvV2mBMF6
Startområdet ligg fleire kilometer frå ordinære bussruter og hovudveg. Me anbefaler å parkere i Skjolden (mål) og ta bussen til start.
NB! Det blir ikkje arrangert transport tilbake til start etter løpet.
Transport til start
Me anbefaler alle som kjem med bil å parkere ved målområdet.
Det blir sett opp buss til:
Festingadalen (Ultra100)
Solvorn (Molden Skyrace)
Pris: kr 100 per person.
Buss må bestillast innan 9. august.
Bestilling:
https://forms.gle/bR4B9iWxjdu6facD6
Avgangstider
Ultra100 kl. 18.00 – buss frå Skjolden kl. 16.00
Ultra100 kl. 21.00 – buss frå Skjolden kl. 19.00
Molden Skyrace – buss frå Gaupne kl. 08.15
Betaling skjer til:
Vipps: 99 39 38 73 (Ann Kristin Sperle)
eller
Kontonummer: 3785 14 63780
Betaling gjerast etter at bestillingsskjemaet er sendt inn.
NB! Buss må vere bestilt og betalt innan 9. august. Det er dessverre ikkje mogleg å bli med dersom plass ikkje er bestilt og betalt på førehand.
Lukke til med dei siste førebuingane! Me gler oss til å møte dykk på startstreken.
Med venleg helsing
Magne og Ann Kristin
Lustrafjorden Inn
-------------ENGLISH---------------
Hello!
This email is sent to everyone registered for Lustrafjorden Inn 2026.
August is approaching fast, and we are really looking forward to race weekend!
With 200 participants evenly split between the two race distances, it is shaping up to be a fantastic atmosphere both on the trails and in the villages along the fjord.
Race Manual
The Race Manual is available on our website:
https://www.lustrafjordeninn.no/
It will be updated continuously, so please check it before travelling to Luster.
Courses
This year's courses are the same as in 2024.
Ultra100:
https://www.strava.com/routes/3239325032548165260
Molden Skyrace:
https://www.strava.com/routes/3239302386560591196
Please note: A few minor adjustments and final confirmations regarding the aid station locations are still pending. The final GPX files for navigation will be published in the Race Manual approximately one week before race day.
Weather Contingency – Ultra100
In the event of severe weather, an alternative course may be used. A GPX file for the alternative route will be published in the Race Manual, so please download both courses.
The mandatory equipment list may also be extended depending on the weather conditions. Please check the Race Manual before travelling to Luster.
Race Office / Bib Collection
The Race Office will be located at Pyramiden / Sportsbui in Gaupne:
Thursday: 18:00–19:00
Friday: 16:00–17:00
Here you can collect your race bib, receive race information and have a good chat with fellow runners.
Race bibs will also be available at each start area before the race. Please arrive in good time.
Ultra100 participants will receive a GPS tracker at start.
Molden Skyrace participants will receive a timing chip attached to their race bib.
Getting to the Start
Molden Skyrace – Solvorn
https://maps.app.goo.gl/Y3HxRF7hDmrTjSva9
Parking at the start area is very limited. We recommend parking in Gaupne (finish area) and taking the shuttle bus to the start.
Ultra100 – Festingadalen
https://maps.app.goo.gl/GgNi8T7kLvV2mBMF6
The start area is located several kilometres from the nearest main road and public transport. We recommend parking in Skjolden (finish area) and taking the shuttle bus to the start.
Please note: There will be no transport back to the start after the race.
Shuttle Bus to the Start
We recommend that everyone arriving by car parks at the finish area.
Shuttle buses will be available to:
Festingadalen (Ultra100)
Solvorn (Molden Skyrace)
Price: NOK 100 per person.
The shuttle bus must be booked no later than 9 August.
Booking form:
https://forms.gle/bR4B9iWxjdu6facD6
Departure Times
Ultra100 – 18:00 start: Bus from Skjolden at 16:00
Ultra100 – 21:00 start: Bus from Skjolden at 19:00
Molden Skyrace: Bus from Gaupne at 08:15
Payment can be made by:
Vipps: +47 99 39 38 73 (Ann Kristin Sperle)
or
Bank account: 3785 14 63780
Please make the payment after completing the booking form.
Please note: Shuttle bus seats must be both booked and paid for by 9 August. Unfortunately, it will not be possible to board the bus without a pre-booked and paid reservation.
Good luck with your final preparations!
We look forward to welcoming you to the start line.
Kind regards,
Magne & Ann Kristin
The Lustrafjorden Inn Team
